KAFFESLABBERAS + BASAR

God gammel dugnadsånd - det er den vestlandske basartradisjon me ynskjer å hylle og relansere i ei moderne ramme komande haust i Grieghallen 27. oktober (siste dag i messehelga).

Basaren er dermed urban og lett tilgjengelig for folk flest, midt i Bergen sentrum. Me gler oss over at den kjende TV2 profilen, Eli Kari Gjengedal, også i år vil vere basarvert.

Under biletet kan du lese meir om både basar og kaffeslabberas.

Foto: Per Olav Sølvberg

Foto: Per Olav Sølvberg

BASAR

Ein basar er ein marknad og ordet kjem frå persiske persiske bāzār.

I Norge blir ordet basar også nytta om lotteri til inntekt for frivillige organisasjonar, nokre gonger tilknyta loppemarknad eller loddsal til auksjon. Mellom anna var det tidlegare vanleg at kvinneforeiningar jobba frivillig og ulønna over tid med håndarbeide som til slutt blei lodda ut på basar. I forkant var det vanleg å selge lodd på bok. Inntekta gjekk gjerne  til organisasjonar som Røde Kors, Redningsselskapeteller andre humanitære organisasjonar. Inntekta frå komande basar 27. oktober i Grieghallen vil uavkorta gå til eit eller fleire gode formål. Meir informasjon kjem etterkvart.

Foto: Per Olav Sølvberg

Foto: Per Olav Sølvberg

 KAFFISLABBERAS

Kaffislabberas er ein sosial samankomst med servering av kaffi og kaker.

Variasjonane og tradisjonane er mange.

I krigstida var det lite mat å få fatt i, og kakene vart ertstatta av ein merkeleg brødbakst med poteter og smørerstatningar.

Seinare oppdaga nordmenn sammalt kveite og finkorna kvitt rørsukker. Ein sukkerboom gjekk over landet og kaffislabberas blei prega av mellom anna sjokoladekaker og bløtkake.

Eit moderne kaffislabberas kan innehalde nesten kva som helst, og ein kan like gjerne treffast på ein kafe for å hyggje seg med vener eller familie.