KJÆRLEIK I VEST

Det er sunt å hylle nøysemda, seier skodespelarane Claus Sellevoll og Sigrid Moldestad, som for tida er aktuell med teaterstykke skriven av Finn Tokvam. Trass i ei leiken vinkling ligg det eit djupt alvor i skildringa om at me mennesker er i ferd med å gje slepp på viktige verdiar i liva våre. Les heile intervjuet under biletet.

Kven Claus Sellevoll,Skodespelar/Artist,47 år //Sigrid Moldestad,Skodespelar/Artist,48 år.Begge er tilknytta Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret med forestillinga “Vestland Vestland” av Finn Tokvam.

Kven Claus Sellevoll,Skodespelar/Artist,47 år //Sigrid Moldestad,Skodespelar/Artist,48 år.

Begge er tilknytta Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret med forestillinga “Vestland Vestland” av Finn Tokvam.

Det skal vise seg å vere stor kjærleik mellom det som opprinneleg er to eigenrådige partar, men som nå må gå saman for å finne felles takt og tone. Og så lenge ein kan harselere litt med sentralmakta aust er det mykje ein kan forsone seg med.

Fortel om «Vestland Vestland»

Det er ei satirisk forestilling om vestlandet, og eit humoristisk foredrag om vestlendingar med utgangspunkt i fylkessamanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane.  Kven har vi vore? Kven er vi og ikkje minst kva har vi med oss - av godt og vondt inn i dette tvangs-ekteskapet?  Vi gjer opp bu og gjev publikum høve til å sjå seg sjølve litt utanfrå. 

 De nyttar mykje humor i stykket. Kvifor?

Humor er viktig for vestlendingen og mykje kan bearbeidast med humor. Den gjev oss oppdrift når vi treng det. Vi er jo kjend for vår til dels svarte humor, og den blir ofte meir burlesk dess meir krevjande vi har det. Mange syntes at fylkessamanslåinga var både skummel og uønska. Vi må spørre oss sjølve: Er fylka så ulike? Og kva kan halde oss saman? Svaret på det er enkelt: Humor og den felles fienden vi har mot sentralmakta i aust, altså Oslo. Austlendingen får gjennomgå i forestillinga. Vi er nådelause når det kjem til austlandet. Då betyr ikkje nabofiendskap noko ting lengre. Sjølv bergensarane kjenner slektskap med strilen då.

 Samfunnsengasjement er utvilsomt ei kjelde til inspirasjon for scenekunsten. Kva rolle har «Vestland Vestland» i så måte?

Forestillinga er i høgste grad samtidskritisk. Den tek eit oppgjer med egoismen og jaget vi har etter lukke, kapitalisme og det kortsiktige. Den er ei påminning og rettesnor for verdiar vi er i ferd med å gå i frå, men som er naudsynte her på vestlandet.  

I ei tid då alt og alle skal framsnakkast  kan det vere nyttig å få ei jordnær justering av og til. Vi vestlendingar brukar jo sjeldan store ord. Vi er nøkterne, men vi er til å stole på når vi først seier noko. Vestlendingen underdriv heller enn å overdrive, og det kan vere eit godt ideal og ei motvekt til tida vi lever i. Det er jo noko fint når ein stril hyllar den gode maten med utsagn som “ det var ikkje akkurat noko usmak på denne suppa”. Med andre ord: Maten var fantastisk!  Slike døme får vi fleire av i forestillinga. I dette “skal-ha-samfunnet”  vi har no for tida er det sunt å hylle nøysemda.  

 Er det aspekt ved «Vestland Vestland» som kan bidra til å gje oss nyttige perspektiv i Covid-19 samanheng?

 Ja! Det er det. Tida vi står i no er sjølvsagt krevjande, men vi svelt jo ikkje. Vi har hus og heimar. Vestlendingen har klart seg gjennom verre tider enn dette. Vi er jo vant til å leve med begrensningar. Vi har i generasjonar klart å snu bratte bakkar og tronge kår til noko levedyktig. I motstand finn vi løysingar, og det gjer vi nok denne gong også. Det ligg eit slags moralsk kompass i vestlandingen sin natur. Heilt frå Gulatingslova vart skapt for 1000 år sidan, har nøysemd, fornuft og rettferd stått sterkt. Det er mykje læring i å minne oss sjølve på det no når vi kjenner oss litt motlause og kanskje enno til tiltakslause.  Vestlendingen legg seg ikkje ned. Vestlendingen reiser seg opp og finn ei løysing. 

 Finn Tokvam har skrive eit manus som gjer at vi må le av og med oss sjølve og det trur vi er helande for den vestlandske folkesjela. Humor knyt oss saman.

 PRAKTISK

Speleperiode: 26.10 – 12.11

Scene: Det Vestnorske Teateret (i Logen).

Varigheit: 1 time 15 minutter (utan pause).

 Foto: Espen Nyttingnes / Av: Trude Vaaga