THOMAS BYE OG MONOLOGEN

Tradisjonelle debatter i det offentlege rom eller kronikkar i ulike medier er ikkje alltid nok til å få folk til å våkne. Ved å formidle bodskap gjennom scenekunst kan ein nå ut til langt fleire, og på nye måtar. Dette fortel den nye teatersjefen ved Det Vestnorske Teateret, Thomas Bye, som verken er redd for å bruka scenen kritisk eller å avdekke urett som rammar. Han har allereie ein tydelig plan for teateret i Bergen.

Thomas Bye er frå Krokstadelva i Drammen. Tilsett som teatersjef ved Det Vestnorske Teateret frå 1. august 2023. Gift med regissør Ida Høy. Saman har dei to born (4 og 8 år). Bye vart uteksaminert frå Statens Teaterhøgskole i 2004 og har sidan vore engasjert som både skodespelar og dramatiker landet over. Han har også vore teatersjef ved Teater Ibsen i Skien. “Rettshistoria har gitt meg drivkraft til å ta sjefsroller. Det er i den situasjonen eg har makt til å ha innverknad på det eg trur på, og å setje ei retning for kva teater kan vere” - Thomas Bye. Foto: Marte Refsdal.

Himmelen ber preg av haust denne dagen, men inne på folkekjære Cafè Norge er det triveleg. Eg har sett fram til denne samtalen. Små mediedryss har nemleg gjort meg nysgjerrig på kven Thomas Bye er. Han kjem hastande inn i kafeen der eg sit og venter på han. Blid, nøgd og klar for kaffe. Eg finn raskt ut at det ikkje berre ligg visjonar i hans leiarskap, men ambisjonar om å gi teateret ei tydeleg retning. Eg legg vekk spørsmåla mine om “ver og vind” og kva han tykkjer om Bergen by, trass i at det sjølvsagt kunne vore høflege strofar å byrje med for nokon som nyleg har flytta hit. Men det slår meg at det vil vere feil å fjasa om det, når eg har føre meg ein scenekunstnar som skiltar med djup kjennskap til norgeshistoria sine verste justismord, og som har nytta heile sin teaterkarriere til å studera rettstryggleik.

MONOLOGEN. Nå er det 10 år sidan Thomas Bye hadde premiere på den kritikarroste monologen “0+0=4”, og som det bergenske publikum kan oppleva i haust. Ved å sjå framsyninga vil du få eit godt bilete av den nye teatersjefen. Monologen tek føre seg dei grovaste justismorda i noregshistoria og ser på fellestrekka mellom desse. Foto:Johannes Granseth.

KRITISK TEATER. Ved å sjå framsyninga “0+0=4” kan du også gjere deg nokre tankar om “Politi”som har premiere på nyåret (biletet). Foto: Stig Håvard Dirdal

Kven er Thomas Bye? Kva er historia di?

Livet mitt endra seg totalt då eg som 21 åring og nytilsett ved Teater Ibsen fekk full fridom til å setje opp ei framsyning om den kontroversielle Fredrik Fasting Torgersen saka. Eg må erkjenne at eg fyrst trudde dette var ei oppdikta historie, men det viste seg å vere ei av våre mest omfattande drapssaker. Så skulle det imidlertid vise seg at Torgersen, berre ein månad før premieren vår, fekk avslag på gjenopptaking av saka. Teateret vårt kom dermed i ei slags skvis. Kva skulle me gjere nå? Tok me så feil? Eg bestemte meg for å ta eit djupdykk i den kjende Per Liland saka for å få grunnlag til å samanlikne. Eg fann påfallande mange like trekk!, og dette vart starten på mitt 20 årige engasjement for rettstryggleik og justismord. Personlig var eg overbevist om at Torgersen var utsatt for justismord.

Du hadde ei kunstnarleg krise tidleg i karrieren, men som også opna opp for retninga di. Kan du fortelje litt om dette?

Bakgrunnen for den ekstreme interessa mi, og at det er dette fagfeltet eg har fordjupa meg i, ligg i det faktum at dei grovaste justismorda er avdekka av vanlege lekfolk. Per Liland vart reinvaska i 1994 med hjelp frå den svenske pop manageren Sten Ekroth og kona hans Vibeke Ekroth. Eg fann det ekstremt underleg at det var amatørarbeid som hadde leia til frifinning. Etter framsyninga om Torgersensaka fekk eg ei kunstnarleg krise, og sa opp jobben min. Fiksjonsteater skulle ikkje vere retninga for meg. Drivkrafta låg i eit tydeleg samfunnsretta fokus. Eg heldt fram med å setje meg inn i fleire justismordsaker. Dette fekk regissør Aslak Moe høyre om og inviterte meg heim til seg. Aslak Moe oppfordra meg til monolog. I halvtanna år reiste eg heim til folk eg ikkje kjende, og prata om justismord.

“Det er klart eg er prega av å sjå kor mange saker som er oppklart av amatørarbeid. Det har gjort noko med meg”

Kan du fortelje litt om 0+0=4

Dette er ei framsyning som rett og slett er laga på ein ekstrem vilje etter å verke inn på kva teater kan vere. Monologen tek føre seg dei grovaste justismorda i noregshistoria og er altså eit resultat av kjennskapen min til problematikken kring norsk rettstryggleik. Stykket speglar sakene om Torgersen, Liland og Fritz Moen.

Stykket vart spelt for fyrste gong i 2013 med urpremiere i tingretten i Førde. Seinare har det vorte vist i rettslokale landet over - for innsette i fengsel, for politistudentar, for advokater og for påtalemakta - og i tillegg for gjenopptakingskommisjonen.

Tidleg i karrieren var Thomas Bye kunstnerisk langt borte frå tradisjonelt fiksjonsteater, og i ein periode kjende han på ei kunstnerisk krise. I dag kan han ikkje vere forutan klassisk teater, noko teaterprogrammet for hausten også viser. Amadeus er det fyrste stykket han valte å setje opp i Bergen. Eit vaskekte teater eller teater med stor T, som han sjølv seier det, og som kveld etter kveld haustar ståande applaus. Foto: Stig Håvard Dirdal.

Du startar karrieren din i Bergen friskt ved å setje opp trilogien “Politi”. Fortel.

“Politi” er ein trilogi og kan sjåast som ei forlenging av det eg allereie har gjort i karrieren. Trilogoen handlar om politiet i Bergen - eit politi som er prega av dårleg rykte, intern strid og offentleg kritikk. Regissør og manusforfattar Aslak Moe er allereie godt i gong med grundig arbeide.

Det er tydeleg at scenekunst som inneheld eit bodskap driv deg. Kan du sei noko meir om det?

Tradisjonelle debattformer er ikkje alltid nok. Eg tykkjer at kunst skal utfordre det etablerte og vere katalysator for nye tankesett. Det er jo menneskeverdet ein talar om når alt kjem til alt. Rettstryggleik, demokrati og ytringsfridom er noko ein aldri kan ta for gjeve.

Du har ei heilt bevisst haldning til det å vere sjef. Kvifor?

Eg har ekstremt lyst til å påvirke kva teater skal vere. Gjennom sjefsrolla er dette mogleg. Det er ikkje sjølvsagt at norsk scenekunst tek ansvar for å ha ei kritisk stemme.

“Me treng katalysatorar for endring. Eg vil nytte scenekunsten i dette og ser det som eit rom kor nye tankar kan få feste seg”

Du verkar uredd og kompromisslaus…stemmer det?

Gjer ein kunstarenaen til eit rom for debatt, men med ope perspektiv, skal ein aldri vere redd for å sjå saker på ny. Så må det seiast at eg går grundig til verks i det eg gjer, kor forarbeid ber mykje preg av metodiske tilnærmingar, saman med den opplagte kunstneriske tilsvarsretten vår. Det er oppgåva vår å ta kunsten aktivt i bruk for å dokumentere noko.

“Teater skal få oss til å bli meir reflekterte. Ikkje gjennom å vere eintydeg. Me lagar alltid scenekunst med eit ope blikk og eit inkluderande perspektiv”

OPPSUMMERT

UTEN FILTER. Å snakke med Thomas Bye er som å innta teaterverda litt på ny. Nerva i engasjementet hans ligg i oppdaginga han gjorde for 20 år sidan: Det triste faktum at norske justismord generelt ikkje har vorte gjenoppretta av fagfolk, men at det er vanlige lekfolk som har fått rettsapparatet til å sjå etablerte sanningar på ny.

Bye dokumenterer rått og ærleg og er ikkje redd for kontroversar. “0+0=4” er ein kritikerrost monolog som tek føre seg dei grovaste justismorda i noregshistoria. Framsyninga “Politi” kjem i kjølvatnet av fleire års arbeid med norsk rettshistorie. Det skal godt gjerast om det bergenske publikum ikkje vert nysgjerrig. Samfunnet er ikkje nødvendigvis alltid så vakkert, og me treng kulturinstitusjonar som set søkellys på det. Takk for praten, Thomas Bye!

Av: Trude Vaaga, skribent i Tendens / Sjå haustprogrammet i teateret: her