FOSSE-ROMAN TIL TEATERSCENEN

 Jon Fosse sin kritikarroste roman «Stengd Gitar» vert nå teater i ein musikalsk versjon iscenesett av Fredrik Longva med speleperiode  7. – 23. oktober på Det Vestnorske Teateret i Logen.

Reidun Melvær Berge (skodespelar) og Even Kjelby (musikar). Foto: Thor Brødreskift .Dette er ei sterk forteljing om ei ung kvinne som har låst seg ute frå leiligheita si. I eit rom av suggerande ubehag og ei dirrande spaning møter vi ei tjue år gamal einsleg mor som ein morgon i desember finn seg sjølv på utsida av si eiga låste dør. Bak denne døra ligg spedbarnet hennar innelåst. No gjeld det å finne vaktmeisteren og få trøyste det skrikande barnet. Men føtene er tunge, sinnet er ullent og handlekrafta vanskeleg å mobilisere. Jenta legg i veg på ei ferd for å finne hjelp. Ei ferd som finn mange omvegar og som etter kvart flettar saman notid og fortid i ei reise gjennom hennar skjebne. Ei reise som fjernar henne meir og meir frå barnet som treng henne.

Reidun Melvær Berge (skodespelar) og Even Kjelby (musikar). Foto: Thor Brødreskift .

Dette er ei sterk forteljing om ei ung kvinne som har låst seg ute frå leiligheita si. I eit rom av suggerande ubehag og ei dirrande spaning møter vi ei tjue år gamal einsleg mor som ein morgon i desember finn seg sjølv på utsida av si eiga låste dør. Bak denne døra ligg spedbarnet hennar innelåst. No gjeld det å finne vaktmeisteren og få trøyste det skrikande barnet. Men føtene er tunge, sinnet er ullent og handlekrafta vanskeleg å mobilisere. Jenta legg i veg på ei ferd for å finne hjelp. Ei ferd som finn mange omvegar og som etter kvart flettar saman notid og fortid i ei reise gjennom hennar skjebne. Ei reise som fjernar henne meir og meir frå barnet som treng henne.

Reidun Melvær Berge skildrar dette utsette mennesket sitt sinn i tett samspel med Even Kjelby sine gitar-tonar. Saman skapar dei eit skarpt innblikk i eit plaga menneske si einsemd.

Reidun Melvær Berge fortel oss litt om rolla ho spelar.

Korleis er det å gå inn i denne rollen for deg?
Det e ei krevjande rolle. Karakteren har mange ulike utfordringar som eg sjølv ikkje har eigne erfaringar med, så mykje av jobben er å gjere mitt beste for å sette seg inn i korleis det hadde vore om det var meg. Kor er vi like? Kva kjensler kan eg relatere meg til? Rett å slett prøve å forstå henne og balansere dei ulike aspekta ved hennar situasjon og prøve å forsvare dei vala ho tek.

Kvifor er det ingen som ser henne trur du?

Ho framstår veldig beintøff og med eit skjold der det er vanskeleg å sjå at ho slit. Broren prøver til dømes å nå fram til ho, men ho lukkar seg inn og avfeier han. Det er vel eit av dei store spørsmåla for meg.

Kva er det som gjer at ho ikkje klarar å nå ut til dei som står henne nær? Av og til kan det verke som at det er lettare å ta kontakt med framande enn dei nære. Mange av dei andre ho møter kjenner ikkje ho og har nok med sitt. Dei får kanskje ei aning av at noko ikkje er heilt bra, men aldri nok til at dei vel å gripe inn.

Vi får vite at ho har vore innlagt på pyskiatrisk?
Ja, det kjem fram at ho har vore innlagt på grunn av psykose og ho hallusinerer pga syre som ho har dopa seg med. Ho har nok eit veldig forstyrra sjølvbilete og nektar for at ho framleis er sjuk.  Denne unge mora vil så gjerne fikse kvardagen sjølv og ikkje bry andre. Det er så viktig å ikkje skuffe familien og ho vil difor ikkje ha så mykje med dei å gjere. Eg merker at eg blir sint på ho og som publikum vil du så gjerne at ho skal skjerpe seg og ta hand om barnet sitt. Men samstundes har eg vondt av ho som slit med denne psykosen åleine, nektar for at ho er sjuk og slepp ingen inn på seg.

Kvifor meiner du spesielt unge folk bør sjå Stengd gitar?

For det første handlar det om eit ungt menneske sin livssituasjon og val unge står i. Ein er i ein alder der det er mykje festing og ein strebar etter å fikse livet sitt og vere godt likt. Det er mange som slit, men som aldri deler dette med andre. Det kan vere gjenkjenneleg å sjå stykket. For det andre er det ein veldig god tekst av Jon Fosse stykke og eit tema mange kan relatere seg til.  Dessutan må vi ikkje gløyme det musikalske aspektet i framsyninga, der Even Kjelby (blant anna kjend frå bandet Great News) er med som gitarist og har komponert ny musikk. Musikken vil ha ein stor plass i framsyninga og eg trur publikum vil kjenne på korleis musikken vil gi både motstand og  berre vere der som ein slags underbevisst tilstand, avsluttar Berge.

For meir informasjon: www.detvestnorsketeateret.no